På rett spor med CO2-handtering

  Tekst: Olje- og energidepartementet
- Å innfri FNs berekraftsmål og Parisavtalen utan karbonfangst- og lagring vil vere svært vanskeleg, sa olje- og energiminister Terje Søviknes under eit frukostmøte torsdag i tilknyting til Oslo Energy Forum.
 


Vert for frukosten var Gassnova, som er statens føretak for arbeid med karbonfangst- og lagring.

Ein moglegheitsstudie som blei lagt fram i juli 2016 viste at det er teknisk mogleg å etablere ei fullskala CO2-handteringskjede i Norge innan 2022.

- Regjeringa sin ambisjon er å realisere minst eitt fullskala anlegg for CO2-handtering. Det viktigaste ved eit norsk fullskalaprosjekt er at det bidrar til å utvikle teknologien globalt og til å gjere CO2-handtering billegare. Målet er at eit norsk prosjekt skal bidra til at CCS blir tatt i bruk i stor skala i industrien verda over. Dette er heilt nødvendig for at verda skal nå sine klimamål, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.


Moglegheitssstudien viser også at eit fullskalaprosjekt kan skje med betydeleg lågare kostnader enn for prosjekt som tidlegare har vore utgreia i Norge. Det er no lyst ut konseptstudiar som ein del av det vidare arbeidet. Studiane vil danne grunnlag for å fatte konseptval om mellom anna fangstteknologi, utbyggingsløysing og infrastruktur.

- CO2-handtering er eitt av fem prioriterte innsatsområde i regjeringa sin klimapolitikk. Ein fullskala kjede for fangst, transport og lagring av CO2 i Norge står sentralt i strategien. Vi er på riktig spor for å oppnå måla våre, men mykje hardt arbeid står igjen før vi kan ta ei endeleg avgjerd, seier olje- og energiminister Terje Søviknes (FrP).

 

Gassnova © 2017